Syklende på gamle Røldalsveg
Foto: Ravnafloke

Sykkeltur frå fjell til fjord

Me tilbyr 2 ulike sykkelturar på gamal veg over historisk grunn.

Tur 1

Me startar på det høgaste punktet av gamlevegen mellom Røldal og Seljestad. Til å begynne med går det i slak underbakke før det vert meir svingar og brattare terreng nedover mot Seljestad.Nedenfor Seljestadtunnellen må ein eit stykke ut på E-134 før ein igjen kjem inn på gamlevegen frå Utsikten og ned mot Skarsmo.Når ein kjem her set me oss inn i bussen og køyrer til Langebu. Her set me oss på sykkelen og tar fatt på siste etappe nedover Rullestadjuvet til Fjæra og deretter langs Åkrafjorden til Eljevik. Her vert turen avslutta med god lokallaga mat og panoramautsikt til Langfoss.

Tur 2

Me startar i Hordadalen og tar fatt på vegen mot Sauda. I begynnelsen er det motbakke opp mot Breiborg som ligg ca 800 m.o.h. Frå toppen av Breiborg går det nedover mot Hellandsbygd. Herfrå er det slake motbakker før det igjen ber nedover mot Allmannajuvet der vegen snor seg langs elva.Ser ein til venstre over på andre sida kan ein her sjå spor frå gruvedrifta frå siste del av 1800 tallet. Når ein så kjem til nederste del av Allmannajuvet vert det servert lunsj i kafeen i museet. Når mat er inntatt og bilder knipset fortset me turen siste etappe ned mot Sauda der dei som vil, kan nyta eit forfriskande utandørs bad og sauna som avslutning på turen. Syklar kan og leiges på forespørsel.

Tilbake ikon link