Det er mykje å sjå i og rundt Åkrafjorden. Fleire av attraksjonene er med i éin eller fleire av pakkene me tilbyr. Ta kontakt med oss for bestilling av pakke.
Laila Sørhus
Langfoss sett frå sjøen

Langfoss

Bare 6 km får oss ligg eit av Noregs vakraste og mest spektakulære fossefall. I 2011 vart Langfoss kåra av CNN Travel til ein av verdas ti vakraste fossefall. Med ein total fallhøgde på 612 meter, sklir vatnet seg nedover berget og ut i Åkrafjorden.
Laila Sørhus
Trolltunga Foto: Laila Sørhus

Trolltunga

Trolltunga er ein av Noregs mest spektakulære fjellformasjon som ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet. Turen til Trolltunga startar frå Skjeggedal, som ligg omtrent 45 km frå oss. Turen er totalt 22 km tur/retur og er rekna å ta 8 - 10 timar. Transport til og frå Skjeggedal kan ordnast.
Jettegrytene sett ovenfrå
Jettegrytene sett ovenfrå Foto: Espen Mills

Jettegrytene

I Rullestadjuvet, 6 km frå oss, ligg nokre av dei største jettegrytene i Nord-Europa. Nokre av dei er fleire meter i diameter. Jettegryter er runde groper i fjellet laga av vatn, is og steinmassar. For å koma dit er det eit stykke å gå i bratt terreng, men opplevelsen er vel verdt det.
Låtefoss
Låtefoss Foto: Laila Sørhus

Låtefoss

16 km frå oss i retning mot Odda og Trolltunga, ligg ein av Noregs mest besøkte turistattraksjonar, Låtefoss. Det spesielle med denne fossen er at den har to overløp får Låtevatn som flyt saman midt i fossen.