INFORMASJON

Overnatting

Det er høve for innkvartering i Åkrafjorden B&B, bobil, campingvogn, telt, hengekøye. På Rullestad Camping er det familecamp med bobil-, vognplasser, telt, etc etc.

Mat

Om morgonen er det mulig å kjøpa frukost inne i lokalene til Akrafjorden Nature B&B og eventuelt smørja seg nista til å ha utøve dagen. Om kvelden vert det sett opp grillar, kor ein kan grilla medbrakt eller kjøpa grillmat.

Frivillige

Om nokon ønskjer å vera med å hjelpa til, blir me glad for det. Ta kontakt med oss om dette er aktuelt for deg, så gjer me nermare avtale.

Transport

Det er korte avstandar, og det meste ligg i gåavstand. Det vert ikkje satt opp nokon organisert transport mellom aktivitetane.

Beliggenhet

Akrafjorden Nature B&B held til i Fjæravegen 138, 5598 Fjæra. Den enklaste måten er å ta av i krysset til Fjæra, og følg gamlevegen om lag 1,5 km opp til oss. Du finn oss på venstre side av vegen.
Det er skilta avkjøring til Rullestad Camping, som ligg oppe ved Rullestadvatnet.