FJÆRAFESTIVALEN
26.-28. mai

VIA FERRATA / JUVING
SUP / KAJAKK/ KANO / TOPPTAUKLATRING / NATURSTI
KONSERTAR / CAMPING / GRILLING

Aktivitetar

Me ønskjer å visa kva for aktivitetar som ein kan oppleva i vår region, alt frå fjord til fjell.

Aktivitetar du kan vera med på er 3 ulike Via Ferrata løyper, Juving, topptauklatring, kajakk/kano/SUP, fjellturar, og natursti med meir.

For dei som ikkje ønskjer å delta på ein av desse aktivitetane, vil det vera ulike standar på uteområdet. I tillegg er det mulig å sjå på det som skjer.

Program

Me har sett opp eit variert program så ein kan velja ulike aktivitetar, som passar for dei fleste. Om du er her heile helga, kan du vera med på fleire ting om du ønskjer det. På kveldstid blir det bålkos, grilling og musikk.

Om Fjærafestivalen

I år er det 5 år sidan me starta opp Åkrafjorden Nature B&B. Frå ein sped start med kun overnatting har me utvikla ei rekke aktivitetar i naturen som omgir oss. Me ønskjer at våre besøkjande skal bli verande her meir enn ein dag. Fjærafestivalen skal gje deg ei naturoppleving og tillegg sosialt samvær.

Det blir lagt opp til camping i telt, hengekøye, bubil og campingvogn. Om du ikkje har telt, kan du leiga plass i ein av våre lavvoar.

VIL DU VERA FRIVILLIG?

Kontakt oss!