Via Ferrata Kyrkjeveggen, som ligg i Fjæra i Åkrafjorden er kanskje Noregs tøffaste Via Ferrata løype. Løypa er lagt opp til klatring på fjell der det er mogleg. I dei mest krevande partia er det sett inn trinn for at flest mogleg skal kunne gå løypa. Klatrepartiet frå innsteget på 50 moh. til topphylla på 550 moh. er om lag 900 meter langt. Fjæratoppen er høgste topp på 713 moh. Det siste partiet til Fjæratoppen er vanleg sti. Løypa er gradert som klasse D etter internasjonal graderingsskala, der graderingen går fra A til F.
Ingadalen via ferrata er ei familievennleg rute som graderes som B/C for eksponering og 2 i klatregrad. Ruta ligg rett sør for Åkrafjorden Nature og ein kan sjå dei som klatrer frå plassen framom bygget. Det tar om lag 15 min. å gå til innsteget. Halvvegs går ein på sti til innsteg nr. 2. Utsikten er flott kor ein ser Rullestad mot aust og Fjæra og Åkrafjorden i vest, mot nord ser ein den mektige «Kyrkjeveggen». Når ein er ferdig med klatredelen som ender på om lag 240 moh, følger ein stien tilbake til utgangspunktet. Heile runduren tar omlag 2,5- 3 timer i barnevennleg tempo, men kan og utvides om ein tar seg tid til å nyte utsikten og omgivelsane.
Hylling er ei Via Ferrata-løype som ligg i den store fjellveggen nord for Åkrafjorden Nature. For å komme til innsteget følger ein same veg som til Kyrkjeveggen, men fortset på skogsvegen eit stykke lenger. Stien gjennom steinura er merka. Frå innsteget og opp til Øysteinskår er det ei ganske bratt Via Ferrata-løype med bolta trinn. Når ein kjem opp i Øysteinskår, følger ein kabelen som er bolta fast bortover dei naturlege fjellhyllene. Hyllene går litt opp og ned og varierer mellom 250 og 300 moh. Når ein kjem til vestre enden av Indre Fjæraholet er det bolta trinn opp til Gaupeskår. Der Hylling-løypa møter Kyrkjeveggen kan ein velje å følge Via Ferrata Kyrkjeveggen opp til Topphylla, om ein vil ha ein verkeleg lang tur. Viss ikkje så følger ein den merka stien ned til Fjæra. Heile rundturen er om lag 4,5 km lang, derav 1700 meter med bolta løype. Om ein vel å følge Kyrkjeveggen til toppen, er heile rundturen om lag 8 km lang, derav 2,2 km med bolta løype.
Rappellering betyr å fire seg ned bratt terreng eller fjellvegg ved hjelp av tau og tilhøyrande utstyr som klatresele, hjelm og taubrems.
Instruksjon og opplæring i bruk av utstyr blir gitt før me hiv oss utfor dei store fjellveggene.
Ingadalen Rappelering
Dette er ein 100 meter høg rappellvegg som ligg like i nærheten av Åkrafjorden Nature, ein kan stå på plassen framføre bygget og sjå på dei som rappellerer. For å komme til starten går me halvvegs opp Via Ferrata Ingadalen.
Pris : kr 500,- per person
Minimum 4 personer
Me tilbyr rappellering tilpassa dykkar nivå.
Dette er ei familievennleg løype/rute med gradering A i henhold til internasjonal graderingsskala, og kan gjennomføres uten sikring.
Beskrivelse av løype:
Ta av E134 ved Rullestad Camping, og følg gamlevegen oppover Rullestadjuvet ca 2 km til ein kjem til ei sauehegne. Parker bilen her, og så fortsett ein til fots oppover ca 100 meter. Ta av til venstre frå vegen og følg den merka stien oppover, først gjennom noko skog, før ein følger berglagene oppover. Så kjem ein nedover til eit nytt parti med skog. Her blir det lett klatring i trinn oppover til ein kjem til dei første Jettegrytene. I dette området ligg det fleire Jettegryter som ein kan klatra opp og sjå. Etter Jettegrytene følger ein vidare oppover med delvis klatring i trinn og gåing på sti til ein kjem til toppen, Jettegrytenuten. Frå toppen av Jettegrytenuten følgjer ein merka sti ned mot elva, og vidare nedover den Gamle Postvegen til ein kjem inn på gamle E134 og følg den nedover Rullestadjuvet tilbake til utgangspunktet.
Forventa tidsbruk 2–3 timar på heile rundturen.
Juvinga er i Smielva på Rullestad. Turen startar med ein times gåtur frå Åkrafjorden Nature på Fjæra, for å koma seg til toppen av juvet. Der kler me oss i våtdrakt, klatresele og hjelm. Me starter rolig med vandring, vading og litt klyving. Etter kvart blir det rappellering ned fleire fossefall, dei lengste omlag 30 meter høge. I den lengste fossen går me ned ei 60 meter lang Via Ferrata-rute. Det blir og hopping ned i og symjing i kulpar.
Utstyr: Åkrafjorden Nature held våtdrakt, klatresele, hjelm og vanntett sekk. Deltakar har eigne sko, me anbefalar joggesko eller terrengsko med god gummisåle som tålar vatn. Hugs tørre sko til etter turen. Det kan være greit å ha ullundertøy under våtdrakten.
Tid: Ca. 6 timer, kl 09:00–15:00
Aldersgrense: 18 år
Vanskelighetsgrad: 4
Pris: 1 950,-
Med forbehold om at minimum 6 deltakarar melder seg frå. Dersom avlysing av tur vil du motta melding frå oss.
Prisar på leige:
2 timer: 300 kr
3 timer: 400 kr
4 timer: 500 kr
Heile dagen 700 kr
For den som søkjer seg ut i vår ville og vakre natur, og som likar å gå i bratt og ulendt terreng, finnes det mange moglegheitar hjå oss. Du får med deg lommekjend turleiar som er oppvaksen i bygda og kjenner kvar ein stein, formasjon, stadnamn og tilhøyrande historie. Me følgjer med andre ord ikkje dei merka turløypene. Vanskelighetsgrad og lengde på turen kan tilpasses etter ønskje.
Tar du turen med "Stein Viking" på Åkrafjorden, kan du føle det kalde friske vatnet fra Langfoss i ansiktet. Du kan og få smake vatnet før det renn ut i fjorden, då mannskapet går direkte inn i fossen og henter vatn i ein pøs som så serveres i glas.
I tillegg til den spektakulære Langfossen får du på denne turen oppleve veglause gardar,gamalt vassdrevet sagbruk, spesielle fjellformasjonar og mykje anna. Er du heldig får du også sjå havørn på nært hald.