Åkrafjorden Nature B&B held til i den renoverte skulen på Fjæra. Her har me sidan oppstarten i juli 2018 tilbydd overnatting inkludert frukost. Her er i alt 10 rom, 4 dobbeltrom og 6 familierom med plass 4-6 personar.
Me sel lokalprodusert sider, øl og maten me serverer er kjøpt eller produsert så lokalt som det let seg gjera.
I 2018 starta me bygginga av Via Ferrata-Kyrkjeveggen og i mai 2019 opna me for fyrste guida gruppa. Sidan har me utvida med fleire Via Ferrata-løyper, både for den klatrevante og dei som er meir i startgropa. Turane kan tas med eller utan guide, alt etter kor erfaren ein er.
Sjå våre aktiviteter.Åkrafjorden Nature Bed & Breakfast er lokaliserte langs E134 inst i Åkrafjorden, med kort veg til Odda, Langfoss, Gullruta, Buerbreen, Trolltunga, Røldal skisenter (ca 15 min med bil) og mange fleire aktivitetsperler i Sunnhordland, Hardanger og Ryfylke.
Næraste butikk er Åkrafjordtunet, som det tar 10 min med bil frå oss å køyre til.
Me har og god erfaring med grupper som har ønska ei annleis og tilpassa aktiv oppleving saman med vener, familie eller kollegaer. Me syr saman ein pakke med aktiviteter, mat og overnatting som passar dykk.
Kontakt oss for eit tilbod