Me tilbyr Via Ferrata og andre individuelt tilpassa pakkar.
Ta kontakt med oss for bestilling av pakkeløysingar tilpassa ditt behov.
Bilde av Via Ferrata Kyrkjeveggen

Via Ferrata Kyrkjeveggen

Arrangør: Åkrafjorden Nature B&B AS

Via Ferrata Kyrkjeveggen, som ligg i Fjæra i Åkrafjorden er kanskje Noregs tøffaste Via Ferrata løype. Løypa er lagt opp til klatring på fjell der det er mogleg. I dei mest krevande partia er det sett inn trinn for at flest mogleg skal kunne gå løypa. Klatrepartiet frå innsteget på 50 moh. til topphylla på 550 moh. er om lag 900 meter langt. Fjæratoppen er høgste topp på 713 moh. Det siste partiet til Fjæratoppen er vanleg sti.

All aktivitet SKAL registrerast hos Åkrafjorden Nature B&B AS.

FAKTA

· Me anbefaler å bestille turen med klatreguide.

· Erfarne Via Ferrata-klatrarar kan gå turen på eigen hand, men skal registrere seg hos Åkrafjorden Nature B&B og betale klatreavgift.

· Utstyr kan leigast hos Åkrafjorden Nature om du går på eigen hand.

· All ferdsel på eige ansvar, eigenerklæringsskjema med kontaktinfo skal fyllast ut.

· Anbefalt aldersgrense er minimum 12 år.

· Forventa turtid med guide: 5-7 timar inkludert pausar.

·  Ta med: Niste/matpakke, 1,5 liter drikke (gjerne meir på varme dagar), vindtett jakke, langbukse, buff/hue, joggesko med rågummiert såle og god gripeevne, fjellsekk maks 5 kg.

· Bergingsavgift: om du går turen på eigen hand og må ha hjelp av Åkrafjorden Nature B&B kostar det kr 5000,- per pers.

· Spørsmål? mail@a-nature.no eller tlf. 908 44 918.

PRISAR

· Via Ferrata Kyrkjeveggen med guide og utstyr kr 1200,- pr vaksen og kr 950,- pr barn (12-15 år)

· Familie, 2 vaksne og 2 barn kr 4000,-

· Gå turen på eigen hand og med eige utstyr kr 450,-

· Gå turen på eigen hand og leige utstyr kr 800,-

TIL DEI SOM HAR EIGE VIA FERRATA KLATREUTSTYR OG GÅR PÅ EIGE ANSVAR:

Det er eit sikkerhetskrav at du har Via Ferrata-slynger med fallsikring (shock absorber) eller rakneslynge for å klatre Via Ferrata Kyrkjeveggen. Du må sjølvsagt og ha eigen klatrehjelm.

Meld deg på via telefon eller e-post:

mob.+47 908 44 918

mail@a-nature.no

Andre pakkar me tilbyr
Bilde av syklist
Foto: Ravnafloke

Sykkeltur frå fjell til fjord

Arrangør: Åkrafjorden Oppleving

I samarbeid med Åkrafjorden Oppleving, tilbyr med unike sykkelopplevingar, frå fjell til fjord. Frå Røldal til Fjæra og frå Røldal til Sauda.