Via Ferrata Kyrkjeveggen

Via Ferrata Kyrkjeveggen, som ligg i Fjæra i Åkrafjorden er kanskje Noregs tøffaste Via Ferrata løype. Løypa er lagt opp til klatring på fjell der det er mogleg. I dei mest krevande partia er det sett inn trinn for at flest mogleg skal kunne gå løypa. Klatrepartiet frå innsteget på 50 moh. til topphylla på 550 moh. er om lag 900 meter langt. Fjæratoppen er høgste topp på 713 moh. Det siste partiet til Fjæratoppen er vanleg sti. Løypa er gradert som klasse D etter internasjonal graderingsskala, der graderingen går fra A til F.

Meir informasjon om gradering med meir.

Prisar

Klatring med eige utstyr  Vaksne: kr 550,-  Barn (12-15 år): kr 430,-

Klatring + leige av utstyr  Vaksne: kr 950,-  Barn (12-15 år): kr 760,-

Klatring inkl. leige av utstyr og guide  Vaksne: kr 1 450,-  Barn (12-15 år): kr 1 150,-

Familiepakke (2 vaksne og 2 barn) klatring inkl leige av utstyr og guide kr 4 800,-

Grupper f.o.m. 6 personer - 10% rabatt

Via Ferrata Kyrkjeveggen

  • Gaupeskår med mulighet til å gå ned til fots/rappellering
  • Topphylla - heile turen med 1-1,5 t til fots ned
  • Utstyr/bekledning/klesbytte

Beskriving av løypa

Turen starter fra Akrafjorden Nature B&B ved å gå langs gamle E134 ned mot Fjæra sentrum. Når ein passerer brua like før kyrkja, tar ein til høgre opp skogsveg ca 200 meter. Ved infoskilt tar ein til venstre opp ura ca 200 meter til innsteget.

Starten fra innsteget er ganske bratt og det er som å gå i ein stige opp til første kvile. Fra 1.kvile traverserer ein svakt mot høgre inn i ei kløft som følges opp til Tverrhylla. Frå Tverrhylla følges eit strakt bratt parti med kombinasjon av naturlige tak i fjellet og trinn opp til Våskår. Frå Våskår går ein til venstre på ei hylle med vegitasjon til ein klatrar vidare opp eit lite bratt overheng før ein kjem til ei lita hylle, og så er ein oppe på Gaupeskår. No er ein kommen halvvegs, og her det moglegheit til ein pause. Det er også mulig å gi seg her, og gå sti ned til Fjæra.

Vidare frå Gaupeskår er det nå eit noko krevjande parti i starten til ein kjem inn i ei kløft. På toppen av kløfta kjem ein så opp i eit ganske luftig område med flott utsikt utover Åkrafjorden. Her flyttar ein seg sidevegs til venstre i ett eksponert parti før ein fortsett viare oppover Pyramiden. Deretter kjem opp til eit nytt luftig område, kor ein klatrar meir sidevegs til venstre på Traversen. Så fortset ein vidare oppover, og traseen byrjar å bli noko mindre bratt på A5. Vidare opp A7 er det også lange slake strekk, kor ein bevegar seg på fjell og vegetasjon. Nå er det mindre partier med klatring i trinn, før ein kjem til toppen, Topphylla. Frå Topphylla følgjer ein merka sti tilbake til utgangspunktet ved Akrafjorden Nature B&B.

Forventa tidsbruk på heile rundturen er 5 – 7 timar, men erfarne klatrarar kan forventa kortare tidsbruk.

Sjå løypa på kart

Sikkerheit

Alle klatrar med godkjent sikkerheitssele og godkjent via ferrata slynge (fallsikring). I tillegg skal ein ha med seg ei ekstra slynge, også kalt kvileslynge. Denne kan ein festa inn i eit av trinna for å kvila seg om ein blir trøytt i armane, eller om det er «kø» og ein ventar på at den foran seg klatrar vidare. Hjelm må ein også ha på.

verdt å vite
  • Me anbefaler å bestille turen med klatreguide.
  • Erfarne Via Ferrata-klatrarar kan gå turen på eigen hand, men skal registrere seg hos Åkrafjorden Nature B&B og betale klatreavgift.
  • Utstyr kan leigast hos Åkrafjorden Nature om du går på eigen hand.
  • All ferdsel på eige ansvar, eigenerklæringsskjema med kontaktinfo skal fyllast ut.
  • Anbefalt aldersgrense er minimum 12 år.
  • Forventa turtid med guide: 5-7 timar inkludert pausar.
  • Ta med: Niste/matpakke, 1,5 liter drikke (gjerne meir på varme dagar), vindtett jakke, langbukse, buff/hue, joggesko med rågummiert såle og god gripeevne, fjellsekk maks 5 kg.
  • Bergingsavgift: om du går turen på eigen hand og må ha hjelp av Åkrafjorden Nature B&B kostar det kr 5000,- per pers.
No items found.