Person som klatrer i juvet

Juving

Juvinga er i Smielva på Rullestad. Turen startar med ein times gåtur frå Åkrafjorden Nature på Fjæra, for å koma seg til toppen av juvet. Der kler me oss i våtdrakt, klatresele og hjelm. Me starter rolig med vandring, vading og litt klyving. Etter kvart blir det rappellering ned fleire fossefall, dei lengste omlag 30 meter høge. I den lengste fossen går me ned ei 60 meter lang Via Ferrata-rute. Det blir og hopping ned i og symjing i kulpar.

Utstyr: Åkrafjorden Nature held våtdrakt, klatresele, hjelm og vanntett sekk. Deltakar har eigne sko, me anbefalar joggesko eller terrengsko med god gummisåle som tålar vatn. Hugs tørre sko til etter turen. Det kan være greit å ha ullundertøy under våtdrakten.

Tid: Ca. 6 timer, kl 09:00–15:00

Aldersgrense: 18 år

Vanskelighetsgrad: 4

Pris: 1 650,-

Med forbehold om at minimum 6 deltakarar melder seg frå. Dersom avlysing av tur vil du motta melding frå oss.

Tilbake ikon link