Bilde av Hylling

Via Ferrata Hylling

Hylling er ei Via Ferrata-løype som ligg i den store fjellveggen nord for Åkrafjorden Nature.  For å komme til innsteget følger ein same veg som til Kyrkjeveggen, men fortset på skogsvegen eit stykke lenger. Stien gjennom steinura er merka. Frå innsteget og opp til Øysteinskår er det ei ganske bratt Via Ferrata-løype med bolta trinn. Når ein kjem opp i Øysteinskår, følger ein kabelen som er bolta fast bortover dei naturlege fjellhyllene. Hyllene går litt opp og ned og varierer mellom 250 og 300 moh. Når ein kjem til vestre enden av Indre Fjæraholet er det bolta trinn opp til Gaupeskår. Der Hylling-løypa møter Kyrkjeveggen kan ein velje å følge Via Ferrata Kyrkjeveggen opp til Topphylla, om ein vil ha ein verkeleg lang tur. Viss ikkje så følger ein den merka stien ned til Fjæra. Heile rundturen er om lag 4,5 km lang, derav 1700 meter med bolta løype. Om ein vel å følge Kyrkjeveggen til toppen, er heile rundturen om lag 8 km lang, derav 2,2 km med bolta løype.

Via Ferrata oversikt bilde
Bestill
Tilbake ikon link