Via Ferrata Ingadalen

Ingadalen via ferrata er ei familievennleg  rute som graderes som B/C for eksponering og 2 i klatregrad. Ruta ligg rett sør for Åkrafjorden Nature og ein kan sjå dei som klatrer frå plassen framom bygget. Det tar om lag 15 min. å gå til innsteget. Halvvegs går ein på sti til innsteg nr. 2. Utsikten er flott kor ein ser Rullestad mot aust og Fjæra og Åkrafjorden i vest, mot nord ser ein den mektige «Kyrkjeveggen». Når ein er ferdig med klatredelen som ender på om lag 240 moh, følger ein stien tilbake til utgangspunktet. Heile runduren tar omlag 2,5- 3 timer i barnevennleg tempo, men kan og utvides om ein tar seg tid til å nyte utsikten og omgivelsane.

Tilbake ikon link