Bilde av jettegryte

Via Ferrata Jettegrytene

Dette er ei familievennleg løype/rute med gradering A i henhold til internasjonal graderingsskala, og kan gjennomføres uten sikring.

Beskrivelse av løype:

Ta av E134 ved Rullestad Camping, og følg gamlevegen oppover Rullestadjuvet ca 2 km til ein kjem til ei sauehegne. Parker bilen her, og så fortsett ein til fots oppover ca 100 meter. Ta av til venstre frå vegen og følg den merka stien oppover, først gjennom noko skog, før ein følger berglagene oppover. Så kjem ein nedover til eit nytt parti med skog. Her blir det lett klatring i trinn oppover til ein kjem til dei første Jettegrytene. I dette området ligg det fleire Jettegryter som ein kan klatra opp og sjå. Etter Jettegrytene følger ein vidare oppover med delvis klatring i trinn og gåing på sti til ein kjem til toppen, Jettegrytenuten. Frå toppen av Jettegrytenuten følgjer ein merka sti ned mot elva, og vidare nedover den Gamle Postvegen til ein kjem inn på gamle E134 og følg den nedover Rullestadjuvet tilbake til utgangspunktet.

Forventa tidsbruk 2 – 3 timar på heile rundturen.

Tilbake ikon link